Apens år

Heim » Butikk » Apens år

299.00kr

I denne uforgløymelege boka smeltar fakta og fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. «Apens år» er fengslande og elegant, ein prøvestein for turbulente tider. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete.

1 på lager

Vipps
Kategorier: ,

Apens år av Patti Smith

Innbunden/2020

 

«Alt kan skje, det er trass i alt apens år», seier ein framand til Patti Smith. Året er 2016, og det skal bli eit år som endrar alt. I februar byrjar ifølgje kinesisk astrologi apens år. Ein gåtefull syklus som ber med seg brå og overraskande hendingar, uro og ugagn. Patti Smith opplever ei djup sorg ho ikkje kan flykte frå.

For Patti Smith, som er grunnleggande nysgjerrig og alltid utforskande, gir det å skrive seg gjennom dette året dyrebar innsikt i tap, alderdom og eit dramatisk skifte i det politiske landskapet i USA. Smith tar oss med frå det sørlege California til ørkenen i Arizona, ho pendlar mellom den sjuke vennen Sam Shepard på ein gard i Kentucky og sjukehuset der vennen og mentoren Sandy Pearlman ligg i koma. Som alltid blir det også eit par turar innom New York.

I denne uforgløymelege boka smeltar fakta og fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. «Apens år» er fengslande og elegant, ein prøvestein for turbulente tider. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete.

Språk

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Apens år”