Heim » Butikk » Dr. Munks popleksikon

Dr. Munks popleksikon

329.00kr

Dette er verdas mest subjektive popleksikon, i tillegg til ein musikalsk sjølvbiografi, og forfattaren tar ikkje imot kritikk, verken for eigne vurderingar eller for alle dei som ikkje kom med.

Kjøp nå med
Kategori:

Beskrivelse

Dette er boka som heile pop-Norge har venta på: ei nærmast fullstendig oversikt over Ragnar Hovlands platesamling. Frå dei første perlene frå Ønskekonserten via tysk post-punk til den klassiske hip hop-singelen Double Trouble Remix.

Hovland avslører både god og dårleg smak, og viser såleis for ein gongs skyld menneske lege sider. Ikkje minst ved å innrømme at han har vore forelska i Barbra Streisand. Her er endeleg pophistoria slik den skulle ha vore skriven, og ingen har frå no av noka orsaking for ikkje å vite kven som til ei kvar tid spelte i John Mayall’s Bluesbreakers.

Dette er verdas mest subjektive popleksikon, i tillegg til ein musikalsk sjølvbiografi, og forfattaren tar ikkje imot kritikk, verken for eigne vurderingar eller for alle dei som ikkje kom med.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Dr. Munks popleksikon”
Skru på oppdateringer    Den er grei! Nei takk