Heim » Butikk » Kjære Tomasine

Kjære Tomasine

299.00kr

3 på lager

Kjøp nå med
ISBN 9788293690030 Kategorier: ,

Beskrivelse

Brev til Tomasine Tolleivsdotter Vasset frå 1902 til 1931.

av Idar Stegane (red.)

Denne nye og utvida utgåva inneheld ei samling av 100 brev skrivne av over 20 personar og sende til Tomasine Vasset på garden Vasset i Eikefjord, Sunnfjord frå 1902 til 1931. Nokre brev er sende frå Vasset til Tomasine då ho var i teneste i Muleli, Midtgulen sommaren 1910. Breva er frå familie og vener: mor, systrer, bror, systerdøtrer, systersøner, syskenbarn, tante og okel, familien i Muleli, veninner og fjernare kjenningar.

Dei fleste skrivarane var folk med ring skulegang, 10 veker eller mindre for året. Ei syster hadde utdanning og var handarbeids- og husstellærarinne, og Tomasine sjølv hadde gått ein vinter på Fjordane Amtsskule. På skulen skulle dei lære å skrive dansknorsk, ei framand skrift som også vart nær gjennom innblanding av dialektord og munnlege uttrykk. Somme prøvde òg p skrive landsmål (nynorsk), som dei enno ikkje fekk lære i skulen.

Brevsamlinga formidlar røynsler og tankar frå eit bygdeliv så ulikt vårt at det mest er uforståeleg. Folk var fattige og hjelpelaust utsette for m.a. den mest ulækelege sjukdommen tæring (lungetuberkulose). Breva gjev kunnskap om kultur og språk og sosialt liv frå folk som sjeldan uttrykte seg skriftleg på anna vis.

Ved sida av å melde om vanskar og strev er mange av brevaogså merkte av glede lystige og forelska ungdommar spente på livet då som no.
Som Thea Nordal i Norddalsfjorden skriv til tante Tomasine på Vasset 16.01.1916:

«I Joli hadde vi ein Jolefest paa Midtbø, da va alt sama, men han va nukso hugnalig da va sandt aa vist, vi kom igjen kl. 3 om noti.»

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Kjære Tomasine”
Skru på oppdateringer    Den er grei! Nei takk