Jon Fosse i skulen

299kr

Med grunnlag i oppdatert forsking bidrar denne fagfellevurderte antologien med ny innsikt om Jon Fosses ulike sjangrar og bruken av desse i skulen. Boka er skriven for lærarstudentar både på grunn- og vidareutdanninga og har eit gjennomgåande didaktisk perspektiv. Dag Skarstein er førsteamanuensis i norsk og Inger Vederhus er førstelektor i norsk ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Dei er begge tilsett ved lærarutdanninga.

Kategori:

Beskrivelse

Jon Fosse i skulen

av Dag Skarstein og Inger Vederhus

Hefta/2020

Jon Fosse sine tekstar er godt eigna både til konsentrert stillelesing, aktiv utforsking og framføringar på skulescenar. Urøynde lesarar blir fanga av korte tekstar som overraskar, røynde lesarar finn nytt å bryne seg på. Dei relativt små tekstane i ulike sjangrar passar særleg godt til klasseromsbruk og opnar for variert didaktisk tilrettelegging og individuell tilpassing av undervisninga. Lesing av utfordrande tekstar i skulen er eit aktuelt vitskapsfelt i litteraturdidaktikken. Med grunnlag i oppdatert forsking bidrar denne fagfellevurderte antologien med ny innsikt om Jon Fosses ulike sjangrar og bruken av desse i skulen. Boka er skriven for lærarstudentar både på grunn- og vidareutdanninga og har eit gjennomgåande didaktisk perspektiv. Dag Skarstein er førsteamanuensis i norsk og Inger Vederhus er førstelektor i norsk ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Dei er begge tilsett ved lærarutdanninga.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Jon Fosse i skulen”

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Få oppdateringar om det nyaste på sidene våre!    Gjerne! Nei takk