Verda er ein skandale

179kr

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending – og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

2 på lager

Kategorier: ,

Beskrivelse

Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.

Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending – og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.

 

Heftet, nynorsk

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Verda er ein skandale”

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Få oppdateringar om det nyaste på sidene våre!    Gjerne! Nei takk