Ingen produkter i handlekurven.
Insektenes planet
Bli med inn i insektas forunderlege verda! For kvart menneske som lever på jorda, finst det 200 millionar insekt. Insekta er overalt – i skogen og i enga, i bekken og i parken. Dei lever i seks tusen meters høgde, i dei djupaste grottene, i døpefonter, inne i datamaskiner og i kvalrossens nesebor.
Beskrivelse
Bli med inn i insektas forunderlege verda!
For kvart menneske som lever på jorda, finst det 200 millionar insekt. Insekta er overalt – i skogen og i enga, i bekken og i parken. Dei lever i seks tusen meters høgde, i dei djupaste grottene, i døpefonter, inne i datamaskiner og i kvalrossens nesebor. Insekta er heilt annleis skapte enn oss menneske: Dei ber skjelettet utanpå kroppen som ein rustning og kan ha øyre på knea, augna på penis og tunga under beina. Sjølv med ein hjerne på storleik med eit sesamfrø kan dei kjenna igjen ansikt. Insekt har dessutan ein ufatteleg forplantningsevne og tilpasningsdyktighet. Men sjølv om insekta er mange, går talet på dramatisk tilbake. Medan vi menneske har vorte dobbelt så mange dei siste 40 åra, viser studiar at talet på insektindivid har vorte halverte på same tid.
Utan insekta vil menneske og dyr døy. Insekta forvandlar visna plantar, møkk og døde dyr til fruktbar jord. Dei bestøvar blomstrar og er mat for andre dyr. Dei er rett og slett tannhjula som får verda til å gå rundt.
Anne Sverdrup-Thygeson har forska på insekt i mange år. I denne boka kan du lesa om kva som fascinerer henne – og om kvifor vi bør ta betre vare på desse snedige skapningane.
«Hysterisk morosam (…) Les du denne boka, skal det godt gjerast å ikkje bli meir fascinert av (og kanskje glad i) insekt.» Ole Mathismoen, Aftenposten
Du må være logget inn for å legge inn en omtale.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.